
Desse var med frå Sunnmøre:
Micro: Jan Kåre Hjelseth, Marius Johann Nakken, Torbjørn Lunden Bjerke.
Yamaha: Erik Walderhaug, Ingvild Rødset, Sandra Baade
Production: Odd Erik Hauge, Alexander Gulliksen.
Ei fabelaktig helg for Torbjørn Lunden Bjerke!! Etter tidkjøring og innleiande heat, stilte han i POLE POSITION, altså beste startspor i finalen. Med 40 deltakarar i klassen, er det berre å ta av seg hatten for denne prestasjonen. Torbjørn vart nr 5 i finalen, og han vi bøyer oss i støvet av beundring.
Marius Johann var uheldig og vart "tatt på vekta" etter innleiande heat :( Synd, ettersom han då vart flytta ned til startspor 34. Marius Johann gav ikkje opp av den grunn, og kvitterte med oppkjøring frå 34 til 10 plass. Det er det vi kallar å sette seg i respekt, etter at pappa Tore var uheldig med vekting av karten :)
Jan Kåre Hjelseth vart nr 30 etter litt opp og ned gjennom dagen. Han druste til med 5.tid på treninga, så potensialet er der ja.
Sandra fekk beste startspor av Yamahagjengen. Ingvild vart påkjørt på trening, og Erik fekk ødelagt drev. Like etter start i innleiande hamna Ingvild i ein crash, med lett hjernerystelse som følge av det. Vips kjøreforbud av lege til finale. Erik vart nr 17 i finalen, medan Sandra diverre kjørte ut få rundar frå mål.
Alexander hadde 3. tid på tidkjøring, og klarte også 3.plass med eit naudskrik i mål. Odd Erik endte på 7 plass i same klasse..
Ruben kjørte som einaste Max i klasse Production. Team Ruben er litt i tvil på kva som gjer det, men dei har problemer med å få opp farta på ukjende banar. Mest sannsynleg vil det rette seg etterkvart, når han får fleire løp på baken. Ruben er nærast utslåeleg på heimebane, så tempoet er der.