KETIL S LERENG kjører denne veka SommarCupen i kart.  Her vil eg prøve å forteljje kor det går med han utover.

TRYKK "REFRESH" ELLER "OPPDATER" MED JAMNE MELLOMROM.

Det skal kjørast 4 løp på ei veke:     GOL 9/7    -    SIGDAL 11/7   -     SKIEN 13/7   -    MOSS  15/7

 

GOL 9/7:

Heilt ukjende baner dette for Ketil, men han var likevel nr 5 på første treningspass og nr 6 av 21 på 2. pass.  I 2. passet var han involvert i div crashin og saker, så det var problem å få ein rein runde.  Tidkjøring startar kl 1215.  Følg med vå lokale helt vidare på denne sida...........

Ketil vart nr 7 på tidkjøring, meget sterkt, og dette kan bli spennande.  Fint spor i 1. sving. Dessuten er det interessant å sjå at dersom ein samanliknar nest beste tid på alle sammen, så har Ketil 2. tid der.  No drevar dei 2 tenner tyngre til 1. heat og vi kryssar fingre.

Kjørte seg frå 7. til 4. i 1. heat.  Dei 3 første klarte å få ei luke, men då Ketil kom seg opp på 4. plass hadde han minst same tempo som dei fremste.   Bravo, dette smakar fuggel.

Det vart 4. plass også i 2. innledande.  Ketil var oppe på 3.plass, men i kampen om 2. plassen kom det ein bakifrå og snappa 3. plass.

Ketil vart nr 3 på GOL.!!  Sterkt med heile Norgeseliten på plass.  Pappa Kjell Roger sa etterpå at han dreva kanskje litt feil, og han var sjeleglad for 3.plassen.  Var litt dunking bakfra i finalen.  Då ventar vi spent på Sigdal.  Synes å hugse at der er ikkje mobildekning, så då vert denne sida kanskje ikkje oppdatert før tysdag kveld.  Uansett, kanon Ketil.

SIGDAL 11/7:

Ketil har problemer i høljeregn på dei 2 treningspassa på trening.  Motoren 4-taktar og han har problemer med å finne kjørestil som går fort.

1. heat:    Kjørte seg opp 4 plassar og kom inn som nr 8.  Hadde 4. beste tid i omgangen.
2. heat:    Torpedert bakfra i 1. sving, snurr og ut.

Finale:    Satsa alt på eit kort i i første svingane og kom seg opp 5 plassar på det.  Desverre var den siste av dei han kjørte forbi ikkje særleg glag for å bli passert, så han dunka Ketil rett av banen. Synd for Ketil og synd for dei andre 3-4 sjaførane som vart dunka av banen av same sjafør.  Fedrene til dei andre maste på pappa Lereng om å legge inn protest, men Kjell Roger lot være.  Lite å oppnå med det seier han.  Nei vi ser heller fram mot neste løp, som er i Skien om 2 dagar.

 

SKIEN GEITERYGGEN 13/7:

7. Tid 1. treningspass,  7. tid 2. treningspass

Nr 6 på tidkjøring.

Kjørte seg opp til 3.plass i 1.heat etter svært hard kjemping.  Ketil slipstreama seg fordi 3dje mann og tok han på yttern inn etter langsida.  Dei som har kjørt bana på Geiteryggen veit kva slags manøver det er.   Da er du ein kald fisk med fokus framover....

Det vart 4. plass i 2. innledende heat.

Og Ketil vart nr 4 i finalen. (Minner om at det er 24 stk med).  Mekanikerpappa Kjell Roger var deppa pga ein mekanikerfeil i finalen.  Karten 4-takta frå start-mål linja og ut langsida.  Med dette i betraktning er dei svært nøgd med reesultatet.  Gratulerer atter ein gong.

 

Varna 15/7:

Og kven vart nr 2 på tidkjøringa på VARNA?  Sjølvsagt Ketil Selliset Lereng.   Kannon.

Og Ketil dundra inn til 2.plass også i 1. heat.  Og no er vi frykteleg spent på kva som skjer i 2. innledande.  Kryssar fingrane for at han ikkje vil prøve å vinne løpe allerede der. Då kan det gå gale.  MEN SÅ: Vart han som kom først i mål diska, og dermed er det Ketil som har vunne 1. heat.

Og Ketil vant også 2. heat. !!!

Og i finalen leda Ketil i 7 rundar, og endte til slutt på 3. plass.   Gratulerer, det er nok ikkje mange på Møre som forswtår kor sterkt dette resultatet er.  I Sommarcupen er alle dei beste med, det skal jammen bli arti å følge denne karen vidare.  Kjell Roger sa det var tydeleg å sjå at han ikkje var heilt vand med å kjøre først, for så snart det kom ein forbi satte Ketil opp tempoet betrakteleg, og var oppe på sida fleire gongar.

Tilbake til GUÅ hovedside