KART LØP EVJE 28. SEPTEMBER
Det var kun Rune som stilte på Evje og målet var enkelt: Per Roger Hansen måtte slås. Dette løpet skulle avgjerde kven som skal få gratis tur til Verdensfinalen i Januar.
For å gjere ei lang historie kort, det gjekk vegen, og KNA NordVest vil få ein representant i Sør-Afrika utpå vinteren. Hurra som berre det :)
KART LØP GJØVIK 14. SEPTEMBER
Erik Walderhaug deltok i Formel Yamaha. Han var diverre innblanda i ein smell i 1. heat og fall ned frå 13 til 19 plass. Klart å kjøre seg opp til 15 plass. Starta då på 15. spor i 2.heat og kjørte seg der opp til 9.Plass !!! Dette var kjempe-opptur for Erik, og han klarte ein 10.plass i finalen. No fungerar utstyret til Erik skikkeleg godt, og det var vanskeleg å sei om det var Pappa, Mamma eller Erik som smilte mest etter løpet.
Rune Rødset og Ove Andre Larsen deltok i Rotax Max. Ove Andrè vart den beste med 5. plass i finalen, og han kjempa oppe med dei 3-4-5 beste heile dagen. Rune skulle forsøke å sikre kvalikplassen til verdensfinalen, men klarte det ikkje. Hardaste konkurrenten er Per Roger Hansen, og han klarte å slå Rune med 2 plassar i 2. innledande (som også tel i samandraget) og med ein plass i finalen. Dermed vert det heile avgjort på Evje den 28.10. Tvi tvi.
KART LØP VARNA 7. SEPTEMBER 2002
Rune var einaste frå Ålesund i løpet, og grunnen er enkel: I Ålesund er det ikkje mange mange som driv aktivt med kart, og Rune kjempar om plass til verdensfinalen.
24 stk stilte i klasse Sport 2000 denne regnfulle helga.
Tidkjøring: 6. tid.
1.Heat: Opp på 3. plass i starten. Datt ned til 4. plass og vart liggande der til det var 3 rundar igjen. Då tok vi igjen ein deltakar med ein runde, som hadde vore involvert i ein massecrash. Støten passerte først meg, og så han vi tok igjen. Eg forsøkte det same, men nei ... det gjekk ikkje. Vi small i hop, og vips gjekk eg av banen... Kom inn på igjen, men etter dette fjuska motoren så stygt at det var berre så vidt eg berga 8. plassen.
2. Heat: Opp til 7. plass i starten. Tok igjen Per Roger Hansen, og såg ut for å ha omlag same tempo som han. Heilt til i siste runden....: Då fekk han problem med eit laust bakhjul og mista ein del fart ut at S-kombinasjonen. Eg gjekk opp på sida av han, og slik druste vi inn mot sjikana - der det er berre plass for ein kart om gongen. Eg trudde han ville gje seg, og han seier han ikkje såg meg tidsnok. Det enda i ein smell utan like, der eg kom meg i gang igjen, og han vart ståande til dei fleste hadde passert. Synd. Eg kom vel i mål som nr 8.
Finale: Hadde 7. spor i finalen. Per Roger, som eg må slå for å kome til verdensfinalen, starte i spor 11. Han var ein av dei 2 som stilte på slicks, resten var på regndekk. Denne finalen vart full av skikkeleg artig kappkjøring dei første 4 rundane. Eg var med å kjempa samen med dei 3-4-5 beste, og det var alvorleg talt skikkeleg gøy. Etter at ting roa seg, og feltet etterkvart strekte seg litt ut vart eg liggande på ein 4.plass. Men så.... begynte motoren å bli varm og bunndraget kom heilt vekk. Drit og dra kor irriterande det var. Fekk karra meg inn til ein 8.plass, passeleg sur for at driten ikkje gjekk som det skulle.
Slutt ord: Etter mykje klabb og babb, kan det sjå ut som eg likevel fekk eit lite overtak i poengsamandraget i Max Cupen. Vinn eg den, kan det altså bli tur til Sør-Afrika.. for kjøring i verdensfinalen. Men før det gjenstår 2 kvalikløp.