KLEPP 8-9 /6 2002
Rune og Torstein var dei einaste frå Ålesund, som tok turen til Klepp denne helga. Begge kjører Rotax Max, og begge har i vinter fortalt den andre kven som eigentleg er best Max sjafør i familien Rødset.
Det fekk vi vel ikkje noko forklaring på i helga heller, men uansett gjekk det slik:
Torstein:
Streva frykteleg heile helga med å få grep i karten. Dei sklei og det sklei og det sklei. Sjaføren vart meir og meir fortvila..... Han vart nr 11 på tidkjøringa og mista kjedet i første omgang, nei dette såg ikkje bra ut. Då hadde vi prøvd alt mellom himmel og jord for å rette på problemet. PLING der kom ein god idè ! Vi flytta vektene på karten og i 2 heat og det vart det andre bullar ja. Torstein starta "sist" og kom inn som nr 8. Det gledelege var at han no hadde 4.beste tid, JESS han var på rett veg. I finalen måtte han stille i 12 startspor, og det vart knallhardt å kjøre seg opp. Etter 20 rundar kom han i mål som nr 6. (nr 5 i Rotax Max)
Rune:
Etter ein del tips frå Bjørn Gravdal, kva oppsett han brukar på sin kart hadde eg ein kart, som faktisk var svært kjørbar. Problemet låg i motoren. Det var vanskeleg å få det til å synge ut på langsida samtidig som det skulle dra godt i bunn. I tidkjøringa mista eg forgassaren etter 4-5 rundar og fekk 9. tid.
For å gjere ei lang historie kort: Kjørte meg opp til 6.plass i 1.heat. Den karten eg hadde i 2. heat er noko av det eg har kjørt. Det var som å kjøre på skinner, men hadde framleis litt motorkluss - gjekk ikkje reint på langsida. Kjørte meg opp til 4. plass og det var faktisk ganske deilig. Gode gamaldagse reelle forbikjøringar. Det gav start i 5.spor i finalen. Starten gjekk og eg gjekk rett opp på 2. plass etter første sving, men nei... det vart omstart. Etter omstart gjekk eg opp på 3. plass og var klar for realy kick ass, og det var då forgassaren datt av... Ja for andre gong i dette løpet datt altså forgassaren av. FLAUT FLAUT FLAUT. Eg hadde ikkje festa slangeklemma skikkeleg :(((
Neste blir Elvadalen ved Gjøvik 9. Juli. :)