| CIK WORLD KARTING CHAMPIONSHIP |
| Dato: |
24.07.2010 16:24:55 |
|
Denne helga representerer Øystein Helgheim Norge i CIK WORLD KARTING CHAMPIONSHIP Løpet går i Walckersdorf Tyskland
Alle får utlevert komplett likt utstyr inkl plombert gasser og plombert motor. Desverre ville ikkje motor starte til tidkjøring, men han fekk 4 runda og vart nr 10.
I første heat vart han nr 2 !!!
I 2. heat vart det ein kjempesmell i første sving, og Øystein kom seg ut frå den på 13-14. plass. I mål var han nr 8, absolutt godkjent. Sveinung melder at opplegget er fantastisk, alle har prikk likt utstyr, ingen får bytte aksel og du kan endre berre ein par tenner på drevinga. Dei har i dag konkurrert både på vått, opptørkande og tørt. Øystein har vore av dei beste heile tida og i 2. heat hadde han 3. tid. Søndag er det siste innledande, prefinale og finale. Prefinalen tel også i poengsamandraget for CIK Karting Academy.
GRATULERER MED 8. PLASS ØYSTEIN !! |
| NMK SOMMAR-CUP |
| Dato: |
13.07.2010 22:22:55 |
2 løp er kjørt, og Henrik har allerede vist muskla. 3. plass på Trøgstad og 2. plass i første løpet på Kongsberg! I løpet på Kongsberg falt han ned ein del plassa i starten, men kjempa seg tilbake og vart altså 2 i mål. No er det like før vi snakka seier! :) MERK også at Jonas Moe Sundgot frå ytre søre blåste inn til ein 7. plass av 29 startande i Cadetti. Det kjem ikkje av seg sjøl! |
| Triste news fra Banegodkjenning av ÅKR |
| Dato: |
06.07.2010 14:19:36 |
I går var kontrollantar på bana for ny periode med godkjenning. Det er trist men berre å fastslå at dette var ille saker. CIK har kome med nye krav vedr bunting av dekk, og det medfører at all den vakre plasten vi har på stablane må vekk. Samtlige stablar skal skrus sammen, altså slik skit som vi holdt på med for nokre år attende. Den måten dei krev dette skal være på er for det første ein dårleg metode, for det andre ein svært arbeidskrevande metode og for det tredje ein metode som ikkje er lett å få til fint! Dekka forvitrar i sol, vær og vind, malinga vert stygg og samanskruinga held ikkje i lengda. Sukk... |
| Tynt i SKF rekkene |
| Dato: |
30.06.2010 21:57:53 |
CIK-FIA har bestemt at KF2 skal være Verdensmesterklassen i år. Etter lav deltagelse i Super-KF (SKF) har CIK besluttet å endre KF2 World Cup til World Championship. Det vil si at World Cup løpet på Zuera (Spania) vil bli omgjordt til VM og kriteriene for å delta vil bli utvidet til også å omfatte kriteriene for det opprinnelige SKF VM. Påmeldingen er åpen fra 12. Juli til 17. August. |
| NORSK MESTERSKAP ! |
| Dato: |
28.06.2010 09:13:13 |
Igjen var det Kenneth som var best av våre, og vi GRATULERER med 3. plass i NM! Han var skuffa over eit feil forgasserval til finalen, men akkurat slik er karting. Det bikkar fram og tilbake på ørsmå detaljar.
Marius Johann trudde vi vart nr 4 i Yamaha, men teknisk etterkontroll av dei foran han tyder på at Marius blir nr 3. Torbjørn låg an til god plassering, men fekk ikkje start på maskineriet i finalen. Eric var uheldig i eit innledande og måtte kjempe seg opp i feltet, likevel ser det ut for han no blir nr 7. |
| Rapport Øystein Viking Trophy |
| Dato: |
18.06.2010 15:26:40 |
Så fint kan ein få rapporta etter løp, om ein gjer det like skikkeleg som team Helgheim! Tekst og bilder frå Viking. |
| Mandag 21. Juni |
| Dato: |
16.06.2010 13:37:32 |
Dette er Mandag før sjølvaste Norsk Mesterskap, og i kjent stil opnar vi denne dagen også for vanleg trening og testing. Dei som er ferske får altså ikkje ha denne dagen åleine, slik som ellers i året. Det vil heller ikkje undre oss om det vert vanskeleg å låne vekk klubbkartar til ferske denne dagen. |
| ØYSTEIN I VIKING TROPHY |
| Dato: |
12.06.2010 12:06:19 |
Nicolay kjørte gjesteklassen J60, og han var rundt 6-8 plass i innledende. I finalen på vått derimot, der kom han for fullt. Han låg og bytta mellom 1.,2., og 3. plass heile finalen, men da det var ein halv runde igjen var han uheldig og kjørte ut. Ergerlig!
Oppdatert etter finalen: Det meste gjekk galt i finalen for Øystein, så den er det like greit vi glømme. Derimot har Øystein imponert denne helga på samme måte vi veit han alltid gjorde før. Jammen var det kjekt å få slike rapporta igjen.
Oppdatert Søndag kl 14:37: ØYSTEIN NR 4 I PREFINALEN ! Starta på tørt, regn etter 4 runda og Øystein med bestetid mens det var tørt. Desverre rødflagga dem etter 9 runda, dersom ikkje hadde vi nok hatt en Sunnmøring i pole position i finalen.
Etter lengre tids sjukdom og minimalt med trening, slår Øystein til med 10 tid og beste Norske på tidkjøring i dag! Live timing fra Lidköping HER! OG ØYSTEIN VANT 1. HEAT SUVERENT !!! Men vart diska.... auuuuda. Homologeringa på potta var visst utgått. |
| NBF MED EGEN KART SIDE ! |
| Dato: |
09.06.2010 09:23:11 |
Karting-seksjonen i NBF har no fått eiga heimeside. Denne finn du på http://www.nbf-karting.no/ |
| Bestetider |
| Dato: |
08.06.2010 15:07:29 |
| Lista for 2010 er oppdatert! |
| MASTERS !!! |
| Dato: |
24.05.2010 22:15:02 |
 Takk til alle hjelpande hender for vel gjennomført Yamaha Masters. Bildet syner dei lokale som klarte pallplass i år, Ingvild, Henrik og Masters vinnar Torbjørn !
|
| NORGESCUP HØNEFOSS |
| Dato: |
16.05.2010 18:05:30 |
|
Eirik, Henrik, Eric og Kenneth kjørte i helga Norges-Cup. Ikkje mange dette, men som vanleg bit dei frå seg så det held. Det vart regn heile løpshelga og Henrik og Kenneth var aldeles suverene lørdagen. Ja det såg nesten ut som dei leika seg med Norges-eliten! Desverre fekk Henrik motorporblem både i finale 1 og finale 2 på Søndag, og kan difor ikkje skilte med toppresultat trass enorm kjøring i innledande. Torgeir fann feilen eller løpet var ferdig, men det var nok ein smule for seint.
Kenneth var altså også aldeles suveren på vått føre, ja i 2. innledende på laurdag vann han vel med ein halv runde!! Makan til utklassing. Men også han fekk motorproblemer i finale 1 på Søndag, ja faktisk så store at han måtte stille bakerst i finale 2. Og no fekk alle oppmøtte på Hønefoss sjå ei oppvisning dei ikkje har sett på lenge. Frå siste startspor dundra han opp gjennom feltet og endte som NR 2 ! Dette er sterke saker, og konkurrentane fekk noko å tygge på denne gongen. :)
Eric starta som 11 i sin finale og var oppe på 6. plass før målgang.
Dette var første løpet for Eirik i KF3 klassen, men det klarte han heilt fint. Så vidt vi kunne sjå hadde han ikkje problemer for heile helga. |
| NICOLAY I STORFORM ! |
| Dato: |
09.05.2010 18:52:20 |
|
JADDDAA !!
I dag var det Nico som tukta dem alle. Etter 3. plassen i går var han nok klar for å sette agendaen i Junior 60, der han eigentleg høyrer heime.
NUMERO UNO !
Og som vi ser vart det storeslem av Tonykart i denne klassen. Men kven i all verda er han linselusa bak der? Liksom nå kjent med han... :D |
| NICO IGJEN |
| Dato: |
08.05.2010 19:59:42 |
|
Denne helga er det kun Nicolay som er på løp av våre, han kjører Busseløpet på Sigdal. Normalt er han jo å finne i ein Junior 60, men i dette løpet kan ein kjøre 2 klassar og Nico lånte derfor ein Raket 85 med Tore Årsnes til dagens løp i Mini.
Og det vart pall igjen det, gratulerer med fin 3. plass Nico! |
| NICO OG KENNETH PÅ PALL!! |
| Dato: |
01.05.2010 16:12:30 |
|
Nicolay vart nr 2 på Varna i dag! Stor deltagelse og finalen vart kjørt på vått. Stor grattis til Nico!
Kenneth kjørte finale på opptørkende føre og låg på 2. plass heilt til siste sving. Då opna han døra ein smule for mykje så i mål vart han 3.
Vi sender altså 2 stk, og begge er på pall. Jau, alt er som det skal være :) |
| MASTERS BLIR 23. MAI !! |
| Dato: |
22.04.2010 12:24:07 |
Vi har flytta Masters til 23. Mai ! Ja det er Søndag og ja vi har fått disp frå Ålesund Kommune å kjøre denne dagen! Link for påmelding og nærare info kjem om kort tid. |
| DET VERT IKKJE MASTERS 24/4 |
| Dato: |
19.04.2010 15:47:49 |
Ålesund Kart Ring er i dag kvit, og det fare for det blir slik ei stund. Kvelden før og natt til 24/4, datoen for Yamaha Masters, er det meldt enda meir snø. Kl 08:00 løpsdagen er det meldt 0 grader Celcius. Dette saman med at vi har berre fått 5 stk påmeldt i klasse Junior 60, gjer at vi vel å avlyse Yamaha Masters på planlagt dato. Styret og løpskomiteen skal ta ein fot i bakken og vurderer om vi skal søke å få kjørt løpet seinare på året, OG FAKTISK har det i dag dukka opp ein supert alternativ! Våre venner i Førde antydar at dei kan gå ned til kun 1 løp den helga, og så kjører vi i Ålesund den den andre dagen! Vi snakkar då helga 22-23/5, altså Pinsehelga. Det vert no jobba hardt med dette alternativet og nærare info kjem så snart vi har det klart!
|
| AVLYST TRENING ! |
| Dato: |
16.04.2010 08:10:23 |
| Treningsamlinga på aktiv fritid, som i dag skulle være sammen med Fredrik Brenna Lund, er avlyst !! Vi kjem attende til når den måtte bli gjennomført. |
| SISTE FINISH |
| Dato: |
13.04.2010 09:33:28 |
| Det ble litt knapt med bare 1 dag dugnad. Førstkommende Torsdag (15/4) satser vi på å gjøre klart resten. Jo flere jo raskere ferdig. |
| Lisenser må være på plass for ALLE |
| Dato: |
13.04.2010 09:30:26 |
Knappen "trene på ÅKR" er nå oppdatert med linker til skjema for lisens-søknader. Si fra om noe er uklart. Ingen får kjøre uten å ha papirene i orden. |
|
|
ELDRE NYHETER FINN DU VED Å KLIKKE PÅ KNAPPENE OVER HER.

|
|
|
 |

| |
| OVE ANDRÈ PAPPA ! |
| Antall meldinger: |
3 |
| Siste post av: |
Sverre Breivik |
| Siste post: |
27.07.2010 22:22:08 |
| Kvalitets trening! |
| Antall meldinger: |
5 |
| Siste post av: |
Tore Bjerke |
| Siste post: |
21.07.2010 21:35:43 |
| Arrowkart Nyheter |
| Antall meldinger: |
10 |
| Siste post av: |
Arrowkart |
| Siste post: |
19.07.2010 09:52:58 |
| OTK Sete |
| Antall meldinger: |
1 |
| Siste post av: |
Tore Nakken |
| Siste post: |
17.07.2010 19:10:55 |
| Bilder frå Masters |
| Antall meldinger: |
3 |
| Siste post av: |
Rune R |
| Siste post: |
08.07.2010 14:35:47 |
|
|
|
|